Jordskjelvets politikk

Raudt farevarsel! Varsko, rauðar viðvar­an­ir! RUV statskanalen oppdaterer åtvaringssida 23 gongar på tre føremiddagstimar torsdag. Staten sender ut pressemelding. Hovudstaden gir utbrotet sin eigen nettstad, med instruksjonar. Folk ikkje skal gå ut av heimane sine med mindre det er naudsynt med tanke på liv og helse. Ein skal planlegge no; no gå i butikken. No avlyse alle avtalar som ein måtte ha utanfor byen. Eg let meg skremme. Eg skremmast frå å ta sjansen som kan medføre redningsaksjonar eller andre dyre operasjonar. Kanskje skremmast fleire enn meg. For utbrotet, som skal ikne på det som var i desember, tek ingen menneskeliv. Det blir materielle skadar. Men likevel mindre enn etter utbrotet i desember, seier ein statstenestemann. Han fortel det til statskanalen, og får spørsmål, av statskanalen, om det har med informasjonen som var gitt på førehand. Ja, seier statstenestemannen til statskanalen: Før dette jordskjelvet har folk sikra og festa. Bygnadsplassar var rydda og forsikringsselskapa har allereie eit inntrykk om at krava blir færre etter denne stormen enn den førre. Eg innser at utbrotet, eller konteksten til utbrotet, er politisert. Og eg lot meg drive med, vart teken av stormen av propaganda. 

Og laurdag går flya igjen. Det kunne ha vore så lett som det; eg kunne reist heim laurdag. Eg ville ha greidd det godt. Men åtvaringane skremet meg. 

Halde eit auge med stormen

Foto: NASA

Orkanen er på storleik med Island, og beveger seg med farta til eit lite propellfly. Han er som ein kropp, stormen. Han kvervlar rundt i Atlanterhavet. Legg ei arm framfor seg, så eit kne. Kryp kring sitt eige auge. Stormens ytste lem møter Reykjavik ved midnatt. Moscow flight due for landing midnatt er cancelled. New York Newark at 3 AM cancelled. Duelles Washington at 3.30 cancelled. Cancelled er også Seattle at six, Chicago fem over, Toronto ti over og London Luton halv sju. Dublin kvart på åtte, London Gatwick kvart på åtte, Oslo klokka ni er kansellert. New York JFK kansellert. Stockholm kansellert. Trondheim, Helsinki, Vilius kansellert. Berlin Tegel ny tid 20.00 (mot 9.30, som var planen. Paris ny tid 20.30, mot 10, som var planen. Las Palmas, Munchen kansellert. Kanskje kan fly gå laurdag. Kanskje kan fly krype på laurdag, eller kanskje kvervle rundt og rundt i havet utanfor Keflavik. Det blir teke ny vurdering når stormen har kasta sitt blikk på  havet utanfor, og er ute av syne. 

Får flydd frå fjell

Yr.no melder tolv sekundmeter vind. Men det islandske meteorologiske kontoret sender ut raudt farevarsel. Men heime i Noreg trur ingen på meg når eg seier at tak flyg på havet, bilar kolvar, får blir flytta frå fjellet med helikopter og ein mann i Hafnarfjördur er kritisk skadd etter å ha fått bølgjeblekk i hovudet. reykjavik.is melder om portforbod frå sju null null. «Om ein ikkje har emergency, så skal ingen gå ut.» Skular er stengde. Symjehallane er stengde. Catering til sjukehus og pleietrengande er stengd. Museum er stengde, heimesjukepleie avblåst, avblåst er alt unnteke ambulanse, brannstasjon, politi og redningsteneste. Ein må beundre staten og hovudstaden for informasjonen og aksjonen, for motet til å stenge ein heil by og nesten eit heilt land. Det er lærdom frå desember, skriv ein islandsk journalist. Turistar fraus ihjel då dei blei vêrfaste i desember. Sidan då har avisene alltid konsultert islandsk og amerikansk meteorologisk institutt, i tillegg til yr.no.

Hamstre

Køa i matsjappa er lang. Framfor meg står folk med famnene fulle av varer. Hadde dei ikkje tid til å ta ei korg? Skulle han berre ha dei to frossenpizzaene, den buketten med roser, og to kartongar med mjølk? Kronan går tom for braud klokka sju. Bussen er nesten tom for folk. For buss kan ein ikkje hamstre. Ein får ikkje buss i morgon sjølv om ein tek den i dag. 

Evakuere?

Gjere dette, ikkje gjere dette. Gjer eg rett, gjer eg ikkje rett. Eg er så trøytt. Endringar er slitsame. Vi står oppe i den aller største endringa nokon sinne. Klimaendringane kjennest her og no, som ekstremvêr mot bilen. Paulina held hardt på rattet. Reykjanæs er flatt, har hav på tre sider, og er utsett for vind: Ei historie om dagen då Island sendte ut raudt faresignal.

13. februar er dagen. Den kvelden har vi show. Og den morgonen sender Island ut raudt farevarsel for første gong i historien. Fram til no har dei berre sendt ut oransje farevarsel. Men her er det. Raudt betyr stengde vegar, stengde skular, stengd busstilbod og stengd flyplass. Kva gjer vi? Evakuerer vi eller blir vi? 

Føresetnadane er endra. Det krev nye måtar å tenkje på, og nye handlingar. Det gjer vondt å endre plan, vondt å endre seg. Må eg endre meg no? Det er ei kjend kjensle. Det skjer liksom oftare og oftare. Plutselege vêrendringar. Er vêret ekstremt oftare? Eller?

Kva gjorde folket på Heimaey då vulkanen braut ut langt ute i havet? Dei var kanskje ikkje skråsikre på kva som rett var. Då det braut ut på Heimaey, ti år seinare, vakna dei igjen til uvisse. Dei vakna av bråk, og visste kanskje ikkje sikkert kva det var. Var det stormen? For stormen rasa ute på havet. Han rasa så valdsamt at alle båtane låg i hamna. Og då dei såg veggen av flammar reise seg parallelt med husveggen, då fanst berre eitt val: Alternativet var å komme seg bort frå Vestmannaeyar og inn til fastlandet. Ut i båtane, i fiskebåtar og andre båtar, og setje i veg inn til fastlandet. Det var ingen grunn til nøling, ingen att og fram om ein skulle eller ikkje, om ein noko skulle ta med seg eller ikkje. Dei vart spreidde over heile landet då. Nokon flytta til Reykjavik og kom aldri tilbake. Nokon vart verande på sørlandet ei stund, for så å flytte heim att. Atter andre var hos slekt over heile Island, og blei verande, eller kom tilbake. 

Evakuerer vi Nordens hus og Island, eller blir vi verande? Det er ingen skam å snu. Men likevel; nokon ventar på at vi skal halde framsyning i kveld. Skal eg krevje at vi forlet Island og tek torsdagsflyet heim? Er eg ansvarleg eller veik og nervøs? 

VI MÅ TA EI AVGJERSLE NO. JON, VI MÅ AVGJERE DETTE INNAN EIN TIME. Må vi dra, då må vi dra om ein time. Stormen beveger seg raskt frå aust. Det er ein ulikskap i trykk mellom stormen ved Canada, og høgtrykket over Island. Vêrmeldinga seier storm, med orkan i kasta. Eg er redd. Den redde meg er umenneskeleg, den treng å klare seg. Eg har ingen røynsle med at ein klarar seg ilag. Eg orkar ikkje sitje ned og prate oss gjennom dette. Kan vi gå og prate? Vi går til Vesturbæjarlaug og sym. Sym og pustar. Sym og pustar lite.

Eg stoppar ved kortsida. Jon stoppar òg ved kortsida.

Jon ser det kunstnariske potensialet som ligg i utbrotet. Han vil prate om det. Men frykta har teke meg. Eg er redd blir konsa og målretta, har ikkje rom for å snakke seg gjennom ting i tosemje. Eg skyv Jon unna, og vil ikkje prate. Escape, evakuere, eg er heilt lukka, medan auga til Jon glitrar. Han opnar seg, medan eg ser farar, isolasjon, einsemd og daud. 

Men så står vi i stormen saman. No er vi her. Dette er ein mulegheit, ein kunstnarisk mulegheit, seier Jons vulkanauger.

Eg sym, og finn ut kva som er rett å gjere. Det er rett å vere, seier symjinga. De skal stå i dette ilag. Stå som kunstnarar ilag i stormen ilag lenge ilag i stormen. Det er ah så vakkert. Vi fire i Det nordiske huset, i stormen. Eg tek dette imot med opne kunstnararmar. Kjenner det gneistre i auga. Vulkanen i Grindavik snur seg, landet hevar seg, alt er høgt, kaldt og klårt. Så blir eg aleine igjen. Eg og tankane, under stormen som beveger seg raskt. Eg er rive mellom kunsten og barnet mitt. Mellom kjærleiken og jobben. Eg orkar ikkje vinden. Eg står opp frå lauget, går mot Nordiske huset og ringer SAS. De tillet ombookingar? Jau. Men no er det flyet utseld. Eg sjekkar SAS.no. Datamaskina står og jobbar. Hjulet snurrar og snurrar. Stormens auge er gult. Barn liker ikkje å sjå redsle i foreldre sine auger. Stormen er 850 km aust for Newfoundland. Trykket i sentrum er 952 hPa. Trykket utanfor er større. Det er trykkforskjellen mellom sentrum av stormen og det vanlege trykket, det som i dag ligg over Island, som lagar stormen som kjem. Gå, gå. Eg sett meg. Eg reiser meg og går rundt i rommet. Eit brått håp. Kva med det? Kan det fungere? Nei. Eg løper og pustar. Att og fram.

Det er ein skam å snu. Du er iferd med noko stort noko stort ventar i havet aust for Newfoundland. Det er ingen skam å snu, du har eit barn. Barnet saknar mammaen sin. Ein stikk ikkje frå gjengen sin. Gjengen kan òg ombooke billettane. Men ein fullfører det ein har begynt. Dottera mi lurer på kor mamma er. Ride ride ranke av tanke i hovudet. Rundt og rundt. Jon kjenner det på seg, han veit at eg kjem til å evakuere, esc esc, og så gjer eg det. Eg klikker her, der, får ein e-post: Velkommen ombord SAS Flight 4748 13. februar, har akseptert SAS’ kind offer. Og skal heim. Om to timar skal eg fly. Vil eg rekke alt? Kva med flybussen. Flybussen har gått. Det er ein time til neste. Eg ringer taxi. Seksten tusen kroner? Eg ringer flybussen. Er dei det einaste busselskapet som køyrer til flyplssen. Jau. Nei. Ein har lokalruta. Pakke igjen. Eg er god til å handle. Men å handle gjer ein ikkje nødvendigvis god.

Gjer frykta meg frykteleg? Redsla redselsfull? Uansett kva eg vel blir det feil. Så står Paulina der. Paulina med dei varme hendene og den gode veremåten. Eg kan køyre, seier eg. Eg kan køyre, seier Paulina. Eg sett meg. Eg pustar. Eg begynner å grine. Eg vil ikkje vere den som dreg. Eg ville at alle drog. Då visste eg at ingen tok uvørne sjansar. Gråten kjem valdsamt no. Orsak, seier eg. Ikkje orsak deg, seier Paulina. It’s perfect, seier ho. Eg pustar, og græt igjen, ein dårleg gråt. Eg er dårleg til å gråte. Har lite trening i å gråte. 

Radioen fortel at stormen har to trykk. Eitt er høgt og eitt er lågt. Eg er rive mellom trykka. Ønskjer å vere der mitt crew er. Ønskjer at mitt crew er der det trygt er. Ønskjer å vere der dotter mi er. 

Eg spør Paulina om kven foreldra hennar er. Korleis har dei det med at ho er her, så langt unna. Paulina svarar. Eg spør kva dei gjer, foreldra hennar. Dei dyrkar sopp.

Dyrkar dei sopp?

Ja, dei har sopp-farm. Dei driv for seg sjølv, seier Paulina.

Kva treng ein for å dyrke sopp? Sopp trivst i mørkt og vått klima. Mørkre. Eg kjenner ein ny form for mørke i meg. Klimamørkre. Mørke og uro ulik mørke og uro eg før har kjent. Eg kjenner meg splitta mellom her og der. Gjere dette, ikkje gjere dette. Gjer eg rett, gjer eg ikkje rett. Eg er så trøytt. Endringar er slitsame. Vi står oppe i den aller største endringa nokon sinne. Klimaendringane kjennest her og no, som ekstremvêr mot bilen. Paulina held hardt på rattet. Reykjanæs er flatt, har hav på tre sider, og er utsett for vind.

Sopp er bra da. Ja, sopp sug til seg all smak og feitt i gryta, seier vi. Vi snakkar om gryterettar. Snakkar om familiefestane som Paulina går glipp av når ho bur i Reykjavik. Paulina fortel om bror sin, som er heime i Polen og som har ein son, og om sonen som er berre eitt år, og som veks så fort. Eg seier at det blir meir morosamt med åra å vere tante. Når barnet er så smått, er det mest oppteken av mjølk, mat, bæsj. Barnet er mest oppteken av mora si, seier eg, og må ta ei pause.

Det finst ingen perfekt tid å vere vekke frå nokon, seier vi. Så veit eg kvifor eg er så redd. Eg er redd før døden. Slik far min døydde frå meg før vi hadde hatt nok tid ilag. Eg fryktar at eg skal døy snart. Eg fryktar at barnet mitt ikkje skal få nok frå mammaen sin før eg døyr. Eg skal aldri meir forlate baret mitt. Men gjengen min, dei er der bak. Det er meldt orkan. Det kan lukke dei inne. Det kan blåse Jon, Endre, Maria på sjøen. Dei kan få bølgjeblekk inn vindauget eller i andletet på veg til butikken. Dei kan måtte stenge oss inne. Dei kan døy.

Eg må tenkje på noko anna. Kva gjer du på Island? spør eg. Pauline dreg på det. Ho dreg vêret. Held pusten litt, og så høyrer eg at også hennar røyst er litt ustø. Eg skulle spele i dette stykket, seier ho. Eg skulle ha hovudrolla, seier ho. Ho seier at ho avlyste alt anna for å vere hovudpersonen i dette stykket. Det viste seg at eg kunne få vere hovudperson i dette stykket, seier Paulina. Ho seier at det ikkje blir noko av. Så no veit ho ikkje heilt. Så no må ho snu seg rundt, finne plan B, sjå etter nye mulegheiter, og eg spør når ho fekk vite dette? Det var søndag. Eg tenkjer på at vi kom måndag, at vi har jobba saman sidan måndag, og no først fekk eg vite at Paulina har vore full av denne stormen kvar dag vi har jobba. 

Paulina gir meg ein klem før eg går. Eg prøver å hugse mummimamma. Prøver å vere mummimamma, og skulle ønske at eg hadde henne i meg. Eg skulle ha overført mummivarma til Paulina. Men Paulina er varm. Varm av å følgje med bil og veg og samtale, sjø og stormen som ligg der ute og vakar.

Vi ventar

Jon Tombre (t.h) ilag med tre av elevane frå Myndlistarskulinn i Reykjavik, på Norræna Husid, Reykjavik. 11/2-2020

Vi ventar på ungdommane. Sett opp lys, lyd og papir. Eg burde ha pugga tekst. Men Ástþór står her, han hjelper oss med teknikken, og seier at Grindavik har heva seg med åtte centimeter på ei veke. Han meiner det landstykket som vi krossa i går då vi køyrte frå Keflavik til Grindavik. Vi krossa lavalandet, krossa heile Reykjanæs, og kom ned att til fiskebyen Grindavik. Ástþór seier at det er ein fare for utbrot. Han seier at kystvakta har båtar klare i hamna for å evakuere ungane. “Berre ungane?” spør eg. “Dei fleste vaksne bur i Grindavik og jobbar i Reykjavik,” seier Ástþór. Vi fortel om mannen som nekta for at det blir utbrot. “Kva skal ein gjere når ein bur på ein vulkan? Gå rundt og vere redd heile tida, eller fortelje seg sjløv nokre løgnar?” Ástþór skulle ha budd på Vestmannaeyar. Men då Eldfjell braut ut i 1974, vart foreldra hans evakuerte til fastlandet. Sidan då har foreldra hans budd i Reykjavik.

Ungdommane kjem. Eg spør dei om det er provoserande at vi er her – nordmenn – og lagar scenekunst om Surtsey. Er det provoserande når utlendingar kjem og definerer Island? spør eg. Jau, svarar Magni. Det var provoserande ein gong. Då budde eg i Berlin, seier Magni. Dei trudde at eg budde i iglo, seier han. “Dei spurde ikkje eingong om det var sant,” seier han. Så rullar vi ut papiret. Vi gir ungdommane kolstiftar. Dei teiknar seg sjølv.

Om oske og menn

Den eine kyrkja i Grindavik er laga av bølgjeblekk, og ligg nesten heilt nede ved ope hav.

Vi køyrer gjennom Grindavik og ser to spesielle kyrkjer, men ingen vulkan. Kvifor ser vi etter ein vulkan? spør Jon. Fordi det har vore jordskjelv her, seier eg. Eg fortel om Sveriges Radio som var her og intervjua dei lokale. Ein åtte hundre år gamal vulkan kan bryte ut, fortel eg. Eg ser etter folk å snakke om jordskjelv med. Det er ingen i gatene. I Grindaviklaug finst ein mann. Når han har symt lengdar, går han i badstua. Jon kastar vatndropar på omnen. Den andre mannen kasta ei ause vatn på omnen. Omnen fresar. Saunaen blir disig av damp. 

Er du på ferie her? spør den islandske mannen. Eg lagar scenekunst på Nordiske huset, seier Jon. Nordiske huset, seier mannen. Han veit ikkje kva Nordiske huset er.

Jon: Har de kjent noko til vulkanen? 

Mannen: Vulkanen? 

Jon: Eg såg det på nyhenda.

Mannen: Jau, jau. Det er berre fem prosent sjans for utbrot. 

Jon: Kan vi bli oskefast då? 

Mannen er stille ei stund. Jon sveittar. Tilslutt seier mannen: Dette er ein annan type vulkan. Ein vil ikkje få oskeproblematikk. Det kjem lava. 

Mannen går ut, og bort til ei tønne av bølgjeblekk og hoppar uti. Det kjem ikkje ein lyd frå mannen. Så går han tilbake til saunaen. Du blir femten år yngre av å hoppe uti der, seier islendingen. Jon hoppar uti og kjem tilbake til saunaen. Du må sitje lenger, seier mannen. Jon gjentek to gongar. Eg ligg attoverlent i barnebassenget og høyrer og ser karane styre på. Barnebassenget er passe varmt, og så grunt at eg kan ligge på ryggen og kvile utan å få det geotermiske vatnet i munnen. Eg prøver å hugse eit fråsegn som eg har høyrt. «Kroppen er kyrkja der vi held messe for sjela». Kroppen som eg kjenner best, er moder jord. Ho kjennest i varma, i rørslene, som eit sus i vatnet som går meg til øyrene. Eg ser rett opp i himmelen. Bygene tetnar over Grindavik. Så drys snø ned kyrkjer, heitvatn, kaldtvatn og menn.

Ny vending

Ein åtte hundre år gamal vulkan snur seg i grava. Grindafjördur skjelv. Eg vaknar og ser på mobilen. 04:48. Kroppen er tung og stiv,  og likevel klarar eg å snu meg rundt. Sove meir. Men så minnast eg reisa. Hjartet snur seg og snur seg og eg kan like godt stå opp og gå og ta toget til flyplassen, der skjermane viser nyhenda: uvêret Elsa skapar kaos i flytrafikken. Og Hildur Guðnadóttir vann Oscar for filmmusikken til The Joker. 

Eg skal til Island og lage scenekunst. Musikk, visualitet, tekst. Det skal vere bra. Regissøren signerer ikkje halvbra verk. Det er berre dagar sidan eg såg Olbmot/ Folk på teatret, såg ekte folk legge sjela si framfor oss på scena. Såg folka. Vart glad i folk. 

Jon hadde fått det beste ut av dei. Dei gjekk og snudde og sang med kvar sine rytmer og røyster. Dei gjekk saman, i innøva vendingar. Det er vakkert å sjå folk som gjer sitt beste. 

Jons fly til Reykjavik skal gå om ein time. I dag skal vi gjer vårt beste med Island. Eg skal ta Reykjanæs, skal studere, fotografere, forstå, sjå, regissere, dramatisere, avdramatisere, avkle, feste til skjermen, og vere der for Maria, som skal filme, lære, vere tålmodig med meg, eg som skal vise, transportere, assistere, fotografere, og så vidare. 

Så skal vi alle vere ilag. Maria Lloyd, Sondre Pettersen, Jon Tombre, eg og femten søttenåringar ved Myndlistskulinn i Reykjavik.Vi skal forsøkje å bli kjente. Dei skal vise oss kva dei kan. Kvar av oss skal prøve å utvekle det som dei kan. Ramma er tekstar om og frå Surtsey. Eg gjorde mitt beste for å lage ein serie tekstar som hang saman. Gir dei meining for søttenåringane? Er dei interessante nok for scena? 

Flyet skal gå om femti minuttar, og lande om fire timar. Om vinden tillet det. Det er 19 kansellerte avgangar så langt i dag. Nokre fly måtte snu og returnere. Kvar snur ein og returnerer til om vinden over Island er for sterk for at ein kan lande? 

(Bildet er eitt som eg tok på ein tilegare tur til Island. Det er frå då unge islendingar barrikaderte seg framfor Allthingi. Dei var ikkje nøgde med regjeringa si.) 

Surtsey proudly presents Angela Rawlings

Angela Rawlings is a Canadian-born now Iceland-based multidiciplinary artist and PhD candidate working in the fields of lavaland and mosses, glaciers and molten waters – seascapes, performance and not to forget poetry. 

As Surtsey crew are great admirers of Rawlings poetry and performance, and deeply connects with Rawlings’ themes and methods – and ethical and philosophical approach, we invited her or a couple of days mobile engagement with Iceland. The trip began in the aula of The Nordic House, during a three-part Permance Lecture. Following the lecture, Rawlings, Jon Tombre and Mette Karlsvik embarked on a trip through the south-east of Iceland.

How will you describe your own artistic project?
I’m an interdisciplinary artist using languages as dominant exploratory material. My practice seeks and interrogates relationships between bodies—be they human, more-than-human, other-than, non. 

What is you experience with geology?
My PhD research considered how to perform geochronology in the Anthropocene, looking in particular at how humans, through site-respondent performance, can attune to the geomorphological acts of deposition, intrusion, extrusion, and erosion along North Atlantic foreshores. 

What is your experience with volcanic eruptions?
How long do you have? 🙂

As long as you have!

I immigrated to Iceland, in part, to have closer proximity with a volcanically active zone. I saw Eyjafjallajökull’s ash plume less than twenty-four hours after its first fissure opened in 2010. A couple of years later, I was engulfed for two days by the brown ash of a Grímsvötn eruption. Most recently, I stood in the lava field north of Holuhraun at night, watching the eerie orange of eruption glow constant on the horizon. 

Have you been on the ocean in a small boat?
Multiple times! The most unsettling experience occurred in Iceland’s West Fjords as I journeyed to meet an arctic fox. From the northernmost village of Norðurfjörður in Strandir, I took a ferry to Reykjafjörður in Hornstrandir. There, the ferrymaster dropped off both ferry and fellow passengers. The ferrymaster had invited me to spend the night in his summerhouse, so we clambered into a Zodiac inflatable dinghy with our gear to travel the rest of the way. Travelling on a Zodiac means sitting on the boat’s edge, holding onto a towline for dear life. I asked the ferrymaster why we weren’t wearing life jackets. “If you fall in this water, it’s so cold you’ll die instantly of a heart attack.” He laughed at this, and careened us forty-five minutes over open ocean. Terrifying. As we rounded into the bay of his summerhouse, nearly one hundred seals bobbed their heads above the water curious about our presence. We made it safely. Half an hour later, I met the fox. 

Thanks to the magic fox for making sure Angela Rawlings is sound and safe!

Soon filmmaker Maria Koefod Lloyd and Surtsey initiator Mette Karlsvik will take on a photographic journey through areas suggested by Angela. Who knows, perhaps they too may meet the fox from Icelandic author Sjón’s novel Skuggabaldur?

Nýtt Surtsey crew #2

Maria Koefod Lloyd i ei saltgruve i Polen under arbeidet med dansefilmen Salt.

Maria Koefod Lloyd har bakgrunn frå visuelt teater, med utdanning frå Sorbonne og Lecoq i Paris og Meisner Technique Impulse Company i London. Ho budde og jobba som dansekunstnar i Storbrittania i mange år før ho etablerte seg i Oslo. Her har ho jobba mest med dansefilm, gjerne med dokumentarisk materiale. Maria er mykje kjent for sin stop phrame motion – teknikk, og har vunne filmprisar. Blant filmene som har vore vist breitt – på NRK, BBC, på festivalar og på lerrettet, kan ein nemne Salt og Blind. 

No har Maria akseptert ein audemjuk invitasjon inn til Surtsey kunstnargruppe. Den visuelle sida ved verket kan no få islett av det lloydske i seg. Men kva er det? Vi stilte Maria nokre spørsmål, og begynte med å be henne oppsummere sitt kunstnariske prosjekt. Og korleis vil ho bruke seg i arbeidet med Surtsey? 

MKL: Mitt arbeid ligger i møtene mellom kunstformer, folk og i mellomrommet hvor pulsen av det abstrakte og det enkle treffes. Jeg tror å jobbe med Surtsay som dramaturg kan jeg kombinere det håndfaste gjennom å forenkle og finne fram til kjernen, samtidig åpne opp for elementene kraft og abstraksjon. Som filmskaper gleder jeg meg til å møte ungdommene og naturen, finne det rytmiske i samspillet ved å lage en nærhet i de menneskelige portrettene og bruke rystende rytmer fra natur elementer i klippen.

MK: Kva forhold har du til geologi som fag?

MKL: Jeg husker at jeg likte geografi som fag på VGS, likte at det var delt opp mellom læren om mennesker / folkegrupper / systemer og læren om landskap og natur, jordplater som forskyver seg og kontinenter som beveger seg. SALT er en dansefilm jeg bare måtte lage langt nede i et underjordisk landskap, omgitt av et fossilt hav, som nå var svart saltstein, men man kunne høre vannet inne i veggene. 12 millioner år siden var de svarte veggene hav og bølger! Mindblowing stuff really! 

MK: Du har reist mykje. Til dømes til Polen, då du lagde Salt. Har du hatt nærkontakt med vulkanske utbrot?

MKL: Jeg kjenner til Bjørk´s musikk, konserter og elsker hennes musikkvideoer, som den hvor hele jorden deler seg og man går inn i brystkassen hennes. Sangen Joga. Ellers når jeg hadde skikkelig hodepine i helgen, hadde jeg så lyst til at føttene mine kunne kjenne varmen fra lavaen som beveger seg under betongblokken og under asfalten der jeg bor.

MK: Det kan bli muleg på Island! Der distraherer naturen ein stadig bort frå dei personlege problema ein måtte ha. Om ein vil. Men – har du vore ute på havet i ein liten båt?

MKL: Bare i filmmanuset mitt og i et pilot opptak når prøvde jeg å gjenskape dette bildet, alene i en båt i storm, vi hadde mange assistener som måtte lage enorme bølger ved siden av bryggen i en liten innsjø i England. Det ble bra!

Kanskje også når jeg var liten og leste høyt til broren min historien om Max som dro til Huttetuenes land med en liten båt gjennom dager og netter, vi leste om ogom igjen, så mange ganger, at tror vi var med Max i den lille båten hans da.

Design a site like this with WordPress.com
Get started