
Raudt farevarsel! Varsko, rauðar viðvaranir! RUV statskanalen oppdaterer åtvaringssida 23 gongar på tre føremiddagstimar torsdag. Staten sender ut pressemelding. Hovudstaden gir utbrotet sin eigen nettstad, med instruksjonar. Folk ikkje skal gå ut av heimane sine med mindre det er naudsynt med tanke på liv og helse. Ein skal planlegge no; no gå i butikken. No avlyse alle avtalar som ein måtte ha utanfor byen. Eg let meg skremme. Eg skremmast frå å ta sjansen som kan medføre redningsaksjonar eller andre dyre operasjonar. Kanskje skremmast fleire enn meg. For utbrotet, som skal ikne på det som var i desember, tek ingen menneskeliv. Det blir materielle skadar. Men likevel mindre enn etter utbrotet i desember, seier ein statstenestemann. Han fortel det til statskanalen, og får spørsmål, av statskanalen, om det har med informasjonen som var gitt på førehand. Ja, seier statstenestemannen til statskanalen: Før dette jordskjelvet har folk sikra og festa. Bygnadsplassar var rydda og forsikringsselskapa har allereie eit inntrykk om at krava blir færre etter denne stormen enn den førre. Eg innser at utbrotet, eller konteksten til utbrotet, er politisert. Og eg lot meg drive med, vart teken av stormen av propaganda.
Og laurdag går flya igjen. Det kunne ha vore så lett som det; eg kunne reist heim laurdag. Eg ville ha greidd det godt. Men åtvaringane skremet meg.