Raudt farevarsel! Varsko, rauðar viðvaranir! RUV statskanalen oppdaterer åtvaringssida 23 gongar på tre føremiddagstimar torsdag. Staten sender ut pressemelding. Hovudstaden gir utbrotet sin eigen nettstad, med instruksjonar. Folk ikkje skal gå ut av heimane sine med mindre det er naudsynt med tanke på liv og helse. Ein skal planlegge no; no gå i butikken. No …
Author Archives: surtseybaby
Halde eit auge med stormen
Orkanen er på storleik med Island, og beveger seg med farta til eit lite propellfly. Han er som ein kropp, stormen. Han kvervlar rundt i Atlanterhavet. Legg ei arm framfor seg, så eit kne. Kryp kring sitt eige auge. Stormens ytste lem møter Reykjavik ved midnatt. Moscow flight due for landing midnatt er cancelled. New …
Får flydd frå fjell
Yr.no melder tolv sekundmeter vind. Men det islandske meteorologiske kontoret sender ut raudt farevarsel. Men heime i Noreg trur ingen på meg når eg seier at tak flyg på havet, bilar kolvar, får blir flytta frå fjellet med helikopter og ein mann i Hafnarfjördur er kritisk skadd etter å ha fått bølgjeblekk i hovudet. reykjavik.is …
Hamstre
Køa i matsjappa er lang. Framfor meg står folk med famnene fulle av varer. Hadde dei ikkje tid til å ta ei korg? Skulle han berre ha dei to frossenpizzaene, den buketten med roser, og to kartongar med mjølk? Kronan går tom for braud klokka sju. Bussen er nesten tom for folk. For buss kan …
Evakuere?
Gjere dette, ikkje gjere dette. Gjer eg rett, gjer eg ikkje rett. Eg er så trøytt. Endringar er slitsame. Vi står oppe i den aller største endringa nokon sinne. Klimaendringane kjennest her og no, som ekstremvêr mot bilen. Paulina held hardt på rattet. Reykjanæs er flatt, har hav på tre sider, og er utsett for …
Vi ventar
Vi ventar på ungdommane. Sett opp lys, lyd og papir. Eg burde ha pugga tekst. Men Ástþór står her, han hjelper oss med teknikken, og seier at Grindavik har heva seg med åtte centimeter på ei veke. Han meiner det landstykket som vi krossa i går då vi køyrte frå Keflavik til Grindavik. Vi krossa …
Om oske og menn
Vi køyrer gjennom Grindavik og ser to spesielle kyrkjer, men ingen vulkan. Kvifor ser vi etter ein vulkan? spør Jon. Fordi det har vore jordskjelv her, seier eg. Eg fortel om Sveriges Radio som var her og intervjua dei lokale. Ein åtte hundre år gamal vulkan kan bryte ut, fortel eg. Eg ser etter folk …
Ny vending
Ein åtte hundre år gamal vulkan snur seg i grava. Grindafjördur skjelv. Eg vaknar og ser på mobilen. 04:48. Kroppen er tung og stiv, og likevel klarar eg å snu meg rundt. Sove meir. Men så minnast eg reisa. Hjartet snur seg og snur seg og eg kan like godt stå opp og gå og …
Surtsey proudly presents Angela Rawlings
Angela Rawlings is a Canadian-born now Iceland-based multidiciplinary artist and PhD candidate working in the fields of lavaland and mosses, glaciers and molten waters – seascapes, performance and not to forget poetry. As Surtsey crew are great admirers of Rawlings poetry and performance, and deeply connects with Rawlings’ themes and methods – and ethical and …
Nýtt Surtsey crew #2
Maria Koefod Lloyd har bakgrunn frå visuelt teater, med utdanning frå Sorbonne og Lecoq i Paris og Meisner Technique Impulse Company i London. Ho budde og jobba som dansekunstnar i Storbrittania i mange år før ho etablerte seg i Oslo. Her har ho jobba mest med dansefilm, gjerne med dokumentarisk materiale. Maria er mykje kjent …