
Ein åtte hundre år gamal vulkan snur seg i grava. Grindafjördur skjelv. Eg vaknar og ser på mobilen. 04:48. Kroppen er tung og stiv, og likevel klarar eg å snu meg rundt. Sove meir. Men så minnast eg reisa. Hjartet snur seg og snur seg og eg kan like godt stå opp og gå og ta toget til flyplassen, der skjermane viser nyhenda: uvêret Elsa skapar kaos i flytrafikken. Og Hildur Guðnadóttir vann Oscar for filmmusikken til The Joker.
Eg skal til Island og lage scenekunst. Musikk, visualitet, tekst. Det skal vere bra. Regissøren signerer ikkje halvbra verk. Det er berre dagar sidan eg såg Olbmot/ Folk på teatret, såg ekte folk legge sjela si framfor oss på scena. Såg folka. Vart glad i folk.
Jon hadde fått det beste ut av dei. Dei gjekk og snudde og sang med kvar sine rytmer og røyster. Dei gjekk saman, i innøva vendingar. Det er vakkert å sjå folk som gjer sitt beste.
Jons fly til Reykjavik skal gå om ein time. I dag skal vi gjer vårt beste med Island. Eg skal ta Reykjanæs, skal studere, fotografere, forstå, sjå, regissere, dramatisere, avdramatisere, avkle, feste til skjermen, og vere der for Maria, som skal filme, lære, vere tålmodig med meg, eg som skal vise, transportere, assistere, fotografere, og så vidare.
Så skal vi alle vere ilag. Maria Lloyd, Sondre Pettersen, Jon Tombre, eg og femten søttenåringar ved Myndlistskulinn i Reykjavik.Vi skal forsøkje å bli kjente. Dei skal vise oss kva dei kan. Kvar av oss skal prøve å utvekle det som dei kan. Ramma er tekstar om og frå Surtsey. Eg gjorde mitt beste for å lage ein serie tekstar som hang saman. Gir dei meining for søttenåringane? Er dei interessante nok for scena?
Flyet skal gå om femti minuttar, og lande om fire timar. Om vinden tillet det. Det er 19 kansellerte avgangar så langt i dag. Nokre fly måtte snu og returnere. Kvar snur ein og returnerer til om vinden over Island er for sterk for at ein kan lande?
(Bildet er eitt som eg tok på ein tilegare tur til Island. Det er frå då unge islendingar barrikaderte seg framfor Allthingi. Dei var ikkje nøgde med regjeringa si.)