Om oske og menn

Den eine kyrkja i Grindavik er laga av bølgjeblekk, og ligg nesten heilt nede ved ope hav.

Vi køyrer gjennom Grindavik og ser to spesielle kyrkjer, men ingen vulkan. Kvifor ser vi etter ein vulkan? spør Jon. Fordi det har vore jordskjelv her, seier eg. Eg fortel om Sveriges Radio som var her og intervjua dei lokale. Ein åtte hundre år gamal vulkan kan bryte ut, fortel eg. Eg ser etter folk å snakke om jordskjelv med. Det er ingen i gatene. I Grindaviklaug finst ein mann. Når han har symt lengdar, går han i badstua. Jon kastar vatndropar på omnen. Den andre mannen kasta ei ause vatn på omnen. Omnen fresar. Saunaen blir disig av damp. 

Er du på ferie her? spør den islandske mannen. Eg lagar scenekunst på Nordiske huset, seier Jon. Nordiske huset, seier mannen. Han veit ikkje kva Nordiske huset er.

Jon: Har de kjent noko til vulkanen? 

Mannen: Vulkanen? 

Jon: Eg såg det på nyhenda.

Mannen: Jau, jau. Det er berre fem prosent sjans for utbrot. 

Jon: Kan vi bli oskefast då? 

Mannen er stille ei stund. Jon sveittar. Tilslutt seier mannen: Dette er ein annan type vulkan. Ein vil ikkje få oskeproblematikk. Det kjem lava. 

Mannen går ut, og bort til ei tønne av bølgjeblekk og hoppar uti. Det kjem ikkje ein lyd frå mannen. Så går han tilbake til saunaen. Du blir femten år yngre av å hoppe uti der, seier islendingen. Jon hoppar uti og kjem tilbake til saunaen. Du må sitje lenger, seier mannen. Jon gjentek to gongar. Eg ligg attoverlent i barnebassenget og høyrer og ser karane styre på. Barnebassenget er passe varmt, og så grunt at eg kan ligge på ryggen og kvile utan å få det geotermiske vatnet i munnen. Eg prøver å hugse eit fråsegn som eg har høyrt. «Kroppen er kyrkja der vi held messe for sjela». Kroppen som eg kjenner best, er moder jord. Ho kjennest i varma, i rørslene, som eit sus i vatnet som går meg til øyrene. Eg ser rett opp i himmelen. Bygene tetnar over Grindavik. Så drys snø ned kyrkjer, heitvatn, kaldtvatn og menn.

Leave a comment

Design a site like this with WordPress.com
Get started