Vi ventar

Jon Tombre (t.h) ilag med tre av elevane frå Myndlistarskulinn i Reykjavik, på Norræna Husid, Reykjavik. 11/2-2020

Vi ventar på ungdommane. Sett opp lys, lyd og papir. Eg burde ha pugga tekst. Men Ástþór står her, han hjelper oss med teknikken, og seier at Grindavik har heva seg med åtte centimeter på ei veke. Han meiner det landstykket som vi krossa i går då vi køyrte frå Keflavik til Grindavik. Vi krossa lavalandet, krossa heile Reykjanæs, og kom ned att til fiskebyen Grindavik. Ástþór seier at det er ein fare for utbrot. Han seier at kystvakta har båtar klare i hamna for å evakuere ungane. “Berre ungane?” spør eg. “Dei fleste vaksne bur i Grindavik og jobbar i Reykjavik,” seier Ástþór. Vi fortel om mannen som nekta for at det blir utbrot. “Kva skal ein gjere når ein bur på ein vulkan? Gå rundt og vere redd heile tida, eller fortelje seg sjløv nokre løgnar?” Ástþór skulle ha budd på Vestmannaeyar. Men då Eldfjell braut ut i 1974, vart foreldra hans evakuerte til fastlandet. Sidan då har foreldra hans budd i Reykjavik.

Ungdommane kjem. Eg spør dei om det er provoserande at vi er her – nordmenn – og lagar scenekunst om Surtsey. Er det provoserande når utlendingar kjem og definerer Island? spør eg. Jau, svarar Magni. Det var provoserande ein gong. Då budde eg i Berlin, seier Magni. Dei trudde at eg budde i iglo, seier han. “Dei spurde ikkje eingong om det var sant,” seier han. Så rullar vi ut papiret. Vi gir ungdommane kolstiftar. Dei teiknar seg sjølv.

Leave a comment

Design a site like this with WordPress.com
Get started