Gjere dette, ikkje gjere dette. Gjer eg rett, gjer eg ikkje rett. Eg er så trøytt. Endringar er slitsame. Vi står oppe i den aller største endringa nokon sinne. Klimaendringane kjennest her og no, som ekstremvêr mot bilen. Paulina held hardt på rattet. Reykjanæs er flatt, har hav på tre sider, og er utsett for vind: Ei historie om dagen då Island sendte ut raudt faresignal.

13. februar er dagen. Den kvelden har vi show. Og den morgonen sender Island ut raudt farevarsel for første gong i historien. Fram til no har dei berre sendt ut oransje farevarsel. Men her er det. Raudt betyr stengde vegar, stengde skular, stengd busstilbod og stengd flyplass. Kva gjer vi? Evakuerer vi eller blir vi?
Føresetnadane er endra. Det krev nye måtar å tenkje på, og nye handlingar. Det gjer vondt å endre plan, vondt å endre seg. Må eg endre meg no? Det er ei kjend kjensle. Det skjer liksom oftare og oftare. Plutselege vêrendringar. Er vêret ekstremt oftare? Eller?
Kva gjorde folket på Heimaey då vulkanen braut ut langt ute i havet? Dei var kanskje ikkje skråsikre på kva som rett var. Då det braut ut på Heimaey, ti år seinare, vakna dei igjen til uvisse. Dei vakna av bråk, og visste kanskje ikkje sikkert kva det var. Var det stormen? For stormen rasa ute på havet. Han rasa så valdsamt at alle båtane låg i hamna. Og då dei såg veggen av flammar reise seg parallelt med husveggen, då fanst berre eitt val: Alternativet var å komme seg bort frå Vestmannaeyar og inn til fastlandet. Ut i båtane, i fiskebåtar og andre båtar, og setje i veg inn til fastlandet. Det var ingen grunn til nøling, ingen att og fram om ein skulle eller ikkje, om ein noko skulle ta med seg eller ikkje. Dei vart spreidde over heile landet då. Nokon flytta til Reykjavik og kom aldri tilbake. Nokon vart verande på sørlandet ei stund, for så å flytte heim att. Atter andre var hos slekt over heile Island, og blei verande, eller kom tilbake.
Evakuerer vi Nordens hus og Island, eller blir vi verande? Det er ingen skam å snu. Men likevel; nokon ventar på at vi skal halde framsyning i kveld. Skal eg krevje at vi forlet Island og tek torsdagsflyet heim? Er eg ansvarleg eller veik og nervøs?
VI MÅ TA EI AVGJERSLE NO. JON, VI MÅ AVGJERE DETTE INNAN EIN TIME. Må vi dra, då må vi dra om ein time. Stormen beveger seg raskt frå aust. Det er ein ulikskap i trykk mellom stormen ved Canada, og høgtrykket over Island. Vêrmeldinga seier storm, med orkan i kasta. Eg er redd. Den redde meg er umenneskeleg, den treng å klare seg. Eg har ingen røynsle med at ein klarar seg ilag. Eg orkar ikkje sitje ned og prate oss gjennom dette. Kan vi gå og prate? Vi går til Vesturbæjarlaug og sym. Sym og pustar. Sym og pustar lite.
Eg stoppar ved kortsida. Jon stoppar òg ved kortsida.
Jon ser det kunstnariske potensialet som ligg i utbrotet. Han vil prate om det. Men frykta har teke meg. Eg er redd blir konsa og målretta, har ikkje rom for å snakke seg gjennom ting i tosemje. Eg skyv Jon unna, og vil ikkje prate. Escape, evakuere, eg er heilt lukka, medan auga til Jon glitrar. Han opnar seg, medan eg ser farar, isolasjon, einsemd og daud.
Men så står vi i stormen saman. No er vi her. Dette er ein mulegheit, ein kunstnarisk mulegheit, seier Jons vulkanauger.
Eg sym, og finn ut kva som er rett å gjere. Det er rett å vere, seier symjinga. De skal stå i dette ilag. Stå som kunstnarar ilag i stormen ilag lenge ilag i stormen. Det er ah så vakkert. Vi fire i Det nordiske huset, i stormen. Eg tek dette imot med opne kunstnararmar. Kjenner det gneistre i auga. Vulkanen i Grindavik snur seg, landet hevar seg, alt er høgt, kaldt og klårt. Så blir eg aleine igjen. Eg og tankane, under stormen som beveger seg raskt. Eg er rive mellom kunsten og barnet mitt. Mellom kjærleiken og jobben. Eg orkar ikkje vinden. Eg står opp frå lauget, går mot Nordiske huset og ringer SAS. De tillet ombookingar? Jau. Men no er det flyet utseld. Eg sjekkar SAS.no. Datamaskina står og jobbar. Hjulet snurrar og snurrar. Stormens auge er gult. Barn liker ikkje å sjå redsle i foreldre sine auger. Stormen er 850 km aust for Newfoundland. Trykket i sentrum er 952 hPa. Trykket utanfor er større. Det er trykkforskjellen mellom sentrum av stormen og det vanlege trykket, det som i dag ligg over Island, som lagar stormen som kjem. Gå, gå. Eg sett meg. Eg reiser meg og går rundt i rommet. Eit brått håp. Kva med det? Kan det fungere? Nei. Eg løper og pustar. Att og fram.
Det er ein skam å snu. Du er iferd med noko stort noko stort ventar i havet aust for Newfoundland. Det er ingen skam å snu, du har eit barn. Barnet saknar mammaen sin. Ein stikk ikkje frå gjengen sin. Gjengen kan òg ombooke billettane. Men ein fullfører det ein har begynt. Dottera mi lurer på kor mamma er. Ride ride ranke av tanke i hovudet. Rundt og rundt. Jon kjenner det på seg, han veit at eg kjem til å evakuere, esc esc, og så gjer eg det. Eg klikker her, der, får ein e-post: Velkommen ombord SAS Flight 4748 13. februar, har akseptert SAS’ kind offer. Og skal heim. Om to timar skal eg fly. Vil eg rekke alt? Kva med flybussen. Flybussen har gått. Det er ein time til neste. Eg ringer taxi. Seksten tusen kroner? Eg ringer flybussen. Er dei det einaste busselskapet som køyrer til flyplssen. Jau. Nei. Ein har lokalruta. Pakke igjen. Eg er god til å handle. Men å handle gjer ein ikkje nødvendigvis god.
Gjer frykta meg frykteleg? Redsla redselsfull? Uansett kva eg vel blir det feil. Så står Paulina der. Paulina med dei varme hendene og den gode veremåten. Eg kan køyre, seier eg. Eg kan køyre, seier Paulina. Eg sett meg. Eg pustar. Eg begynner å grine. Eg vil ikkje vere den som dreg. Eg ville at alle drog. Då visste eg at ingen tok uvørne sjansar. Gråten kjem valdsamt no. Orsak, seier eg. Ikkje orsak deg, seier Paulina. It’s perfect, seier ho. Eg pustar, og græt igjen, ein dårleg gråt. Eg er dårleg til å gråte. Har lite trening i å gråte.
Radioen fortel at stormen har to trykk. Eitt er høgt og eitt er lågt. Eg er rive mellom trykka. Ønskjer å vere der mitt crew er. Ønskjer at mitt crew er der det trygt er. Ønskjer å vere der dotter mi er.
Eg spør Paulina om kven foreldra hennar er. Korleis har dei det med at ho er her, så langt unna. Paulina svarar. Eg spør kva dei gjer, foreldra hennar. Dei dyrkar sopp.
Dyrkar dei sopp?
Ja, dei har sopp-farm. Dei driv for seg sjølv, seier Paulina.
Kva treng ein for å dyrke sopp? Sopp trivst i mørkt og vått klima. Mørkre. Eg kjenner ein ny form for mørke i meg. Klimamørkre. Mørke og uro ulik mørke og uro eg før har kjent. Eg kjenner meg splitta mellom her og der. Gjere dette, ikkje gjere dette. Gjer eg rett, gjer eg ikkje rett. Eg er så trøytt. Endringar er slitsame. Vi står oppe i den aller største endringa nokon sinne. Klimaendringane kjennest her og no, som ekstremvêr mot bilen. Paulina held hardt på rattet. Reykjanæs er flatt, har hav på tre sider, og er utsett for vind.
Sopp er bra da. Ja, sopp sug til seg all smak og feitt i gryta, seier vi. Vi snakkar om gryterettar. Snakkar om familiefestane som Paulina går glipp av når ho bur i Reykjavik. Paulina fortel om bror sin, som er heime i Polen og som har ein son, og om sonen som er berre eitt år, og som veks så fort. Eg seier at det blir meir morosamt med åra å vere tante. Når barnet er så smått, er det mest oppteken av mjølk, mat, bæsj. Barnet er mest oppteken av mora si, seier eg, og må ta ei pause.
Det finst ingen perfekt tid å vere vekke frå nokon, seier vi. Så veit eg kvifor eg er så redd. Eg er redd før døden. Slik far min døydde frå meg før vi hadde hatt nok tid ilag. Eg fryktar at eg skal døy snart. Eg fryktar at barnet mitt ikkje skal få nok frå mammaen sin før eg døyr. Eg skal aldri meir forlate baret mitt. Men gjengen min, dei er der bak. Det er meldt orkan. Det kan lukke dei inne. Det kan blåse Jon, Endre, Maria på sjøen. Dei kan få bølgjeblekk inn vindauget eller i andletet på veg til butikken. Dei kan måtte stenge oss inne. Dei kan døy.
Eg må tenkje på noko anna. Kva gjer du på Island? spør eg. Pauline dreg på det. Ho dreg vêret. Held pusten litt, og så høyrer eg at også hennar røyst er litt ustø. Eg skulle spele i dette stykket, seier ho. Eg skulle ha hovudrolla, seier ho. Ho seier at ho avlyste alt anna for å vere hovudpersonen i dette stykket. Det viste seg at eg kunne få vere hovudperson i dette stykket, seier Paulina. Ho seier at det ikkje blir noko av. Så no veit ho ikkje heilt. Så no må ho snu seg rundt, finne plan B, sjå etter nye mulegheiter, og eg spør når ho fekk vite dette? Det var søndag. Eg tenkjer på at vi kom måndag, at vi har jobba saman sidan måndag, og no først fekk eg vite at Paulina har vore full av denne stormen kvar dag vi har jobba.
Paulina gir meg ein klem før eg går. Eg prøver å hugse mummimamma. Prøver å vere mummimamma, og skulle ønske at eg hadde henne i meg. Eg skulle ha overført mummivarma til Paulina. Men Paulina er varm. Varm av å følgje med bil og veg og samtale, sjø og stormen som ligg der ute og vakar.