Piloten til Icelandair

Bildet er teke frå det nordiske huset, i retning innanriksflyplassen på Island. Rullebana kan skimtast mellom våtmarka framfor og kranene bak.

Det er uforsvarleg å la ein sekstenåring vere klimakrisa sitt andlet utad. Lat henne sigle umotorisert over Atlanterhavet for ein konferanse, medan tre jagarfly sirkulerer over og passar på. 

Piloten til Icelandair snakkar høgt. Han spør meg om eg verkeleg trur at menneskeskapte klimaendringar kan trumfe det naturen sjølv er i stand til? Vi som lever på ei øy med hundre aktive vulkanar veit betre, seier piloten til Icelandair. Vi har diskutert att og fram lenge no. Har vore innom spørsmålet om kven som forureinar mest: i-land (forbrukskulturen) eller u-land (som brukar olje- og kolkraft og gamle, bensindrivne og ueffektive maskiner. Vi har vore gjennom outsourcing av industri, gjennom fordeling av ressursar i verda, og vi står i stampe. Det er som om vi kjem frå ulike planetar når vi diskuterer dette, og eg blir sliten. Eg er sjølv skuldig, seier eg. Eg kunne ha teke båt til Vestmannaeyar, seier eg, og fortel om flyet vi flydde med. Eg tippar at piloten blir interessert av det, og det ser ut som at eg har rett. Var det ein Dash-maskin? spør piloten. Han spør om det var rutefly eller charter eller privat, og eg fortel at vi var  berre tre, at det var mest som ein busstasjon, den flyplassen, og at det var rutefly men hadde kjensla av å vere privat. Privatsjåfør for tre, jau, og flyet, typen, nei det var ikkje ei Dash-maskin, det var meir som eit sportsfly, seier eg. Eg tenkjer: Det var nesten som å sitje i ein fugl. Så lett manøvrerte han i den kraftige vinden. 

*

Har du høyrt at WOW gjekk konkurs, seier eg. Det har piloten til Icelandair sjølvsagt høyrt. Det er den vegen det går med lågprisselskapa, seier piloten til Icelandair. Dei kjem og går. Dei driv ikkje berekraftig, seier han. Pilotane og kabinpersonalet er overtrøytte. Det går på tryggleiken laus, seier han, og startar flyet, som slepp ut CO2 tilsvarande eit halvt tonn per passasjer. Tur-retur Oslo – Keflavik set eg att eit C02-avtrykk på eit tonn. Eg reiser jo med eit skikkeleg flyselskap som betalar sine tilsette godt, og som har eit blidt og opplagt kabinpersonale. Eg bestiller eit glas vin, som kjem i ei lita flaske av plast. Den blide flyvertinna spør om eg vil ha nøtter til, og gir meg nøtter: gir meg eit lite plastglas med nøtter, og ei lita skei av plast til å spise nøttene med. Eg får eit glas vatn, også, i eit plastglas. Og når eg ber om påfyll, får eg ikkje meir vatn i glaset, eg får eit nytt glas, med litt vatn i. Sidan eg betalar så godt for flybilletten, tek eg meir føre meg enn eg strengt tatt treng, og bestiller endå meir vin. Snart landar vi, snart skal eg manøvrere meg gjennom flyplassen og heim. Eg kjenner på meg at denne drikkinga ikkje er så smart. Kjem eg til å klare å bere bagasjen? Vil eg klare å bere meg sjølv?

Eagle Airs rute til Vestmannaeyar 16. august 2019
I forgrunn: gjess og forlatt bil. I bakgrunn: Innanriksflyplassen i Reykjavik

Leave a comment

Design a site like this with WordPress.com
Get started