LAWAalk #3

17th of August

Angela køyrer inn på motorvegen og spør om det er noko frå gårsdagen ho bør vite om. Det er den typen spørsmål ein burde stille kvarandre om morgonen. «Kva treng eg å vite?» Låg du vaken naken sakna du nokon og kasta deg att og fram? Symte du gjennom natthavet og er trøytt? Var det vondt godt utåleleg, er du opplagt og nysgjerrig eller utsliten og ønskjer meg langt bort?

Eg svarar på ein opplagt måte sjølv om eg sov dårleg. Eg finn kraft frå ein plass, det er dette merkelege med Island: eg finn kraft frå ein plass som ikkje er kvile, søvn, feit mat. Krafta kjem frå noko anna, kanskje det vi opplevde i går, som eg fortel om: Om at vi sklei og symte i lava. At vi forsøkte å klatre eit fjell av lavasand, at sanda ikkje var fast, og at vi var redde. Men på toppen av det raude fjellet stod ein svart gut med kvite tenner og herleg latter. Eg prøver å herme latteren hans. Latteren braut liksom i munnen på guten. Latteren sklei unna, og gjekk frå den djupe låta til den lyse. Det var ein slags latterens stemmeskifte. Røystebreyti. Heiter røysteskiftet røystebreyti på islandsk, eller er det noko som eg sjølv har skapt? Jon meiner at det er mitt ord. Takk, seier eg. Eg vil gjerne at det skal vere mitt ord. 

Vi utforskar omgrepet stemmeskifte. Angela spør: Kan menneske sin røyst bryte gjennom halsen slik gass og lava bryt gjennom vulkanens hals? Kva er vulkanhalsens anatomi? Korleis skapast vulkanens lyd? Litt seinare køyrer Angela av motorvegen og inn på ein sideveg, ut mellom røsslyngen, som ho kallar arctic thyme. Ho tråkkar på steinar, og ser skrått på oss som har gløymt første moselov: om ein tråkkar på mosen tre gongar, då reiser den seg aldri igjen. Eg tråkkar òg på stein. Då gir Angela meg ein opptakar. It is directional, seier ho, og viser meg. Eg fangar den lyden som eg peiker på. Eg peiker på henne, og høyrer henne puste. Pusten hennar er kort og grunn. Angela høyrest redd ut. Skremmer det henne å vere vår guide idag? Vart det for sterkt press, det å skulle vere vår professor? EG får lyst til å ta Angela i armane og gi henne ein klem og seie at vi er saman om dette. Det er ikkje noko ho lærer bort til oss, det er alle lærar av alle. Men Angela har begynt å plukke røsslyng. Ho er djupt konsentrert om oppgåva. Det er å engasjere seg i røsslyngen, seier Angela. Eg oppdagar lyd sålenge. Vidda, ja, vi er på fleire hundre meter over havet no, er full av lyd. Lyden av bakke, vatn, press, stein, fly, folk. Og det er mest Jons prat. Sjølv om Jon, som meg, har soverom ved flyplassen og sjølv om Jon heller ikkje får sove her, så har han ei kraft i seg. Jon tuller og tøver og får Angela til å le, og eg kjem til å tenkje på noko som Jon fortalte. 

Jon var regissør for kinesisek skodespelarar. Dei snakka for lite. Jon fekk nok, og eksploderte. Han kalla dei feige. Han ba dei snakke. Eg veit at de kan snakke, ropte Jon. Når han no gjenforteller den historia, er røysta hans roleg. Så roleg er den at eg blir usikker på om forteljinga er sann. Er historia sin «Jon» den Jon eigentleg ønskjer å vere? 

Angela har gått vidare. Eg går etter henne, og spør kva ho ger. Eg ser etter plants, seier ho.

Powerplants? Planter? Planter. Mose, som vi unngår å tråkke på. Lag på lag; første laget mose, andre laget ørsmå bjørker, planter, ein sopp, slikt. 

Vi køyrer vidare. Det er klår himmel og sol. Bilen er varm. Ventilasjonssystemet er øydelagd. Eitt av vindauga er ope. Det susar i bilen. Eg opnar mitt vindauge på gløtt, eg òg. Jon og Angela pratar der framme. Eg bøyger meg fram, prøver å engasjere meg. Engage with people. Engage with arctic thyme. Same same? Nei, det er ikkje det same. Det var mykje lettare å ha med røsslyng enn med folk å gjere. Ein av dei i framseta spør meg om noko. Hæ? Eg høyrer ikkje. Eg ropar eit eller anna svar, goddag mann økseskaft. Krafta begynner å renne ut av meg. Røsslyng, røsslyng, var eg berre arctic thyme så skulle alt gå så greitt. Men helikoptra kjem over huset vårt halv fire. Det er då dei begynner dagen. Eller startar dagen. Det er då eg vaknar. Halv fire islandsk tid hadde vore heilt greitt om eg la meg halv åtte. Men eg legg meg ikkje halv åtte. Eg legg meg i meir normal tid. Halv ti ti. Eg søv fem og ein halv time på ei god natt. Og på dårlege netter, fire timar. På dagtid prøver eg å ta att kvila eg mista om natta. Eg sett meg i baksetet og lar Jon snakke, lar Jon have the show go on. Og eg let landskapet ligge, berører det ikkje med auga, berre ser og ser og ser utan å tenke. Eller, det er latskap av meg å seie at eg ikkje tenkjer. 

Det er ikkje alltid snilt å stille andre eit spørsmål. Det er ikkje snilt å be menneske om å rope. Mosen blir lei seg av det. Røsslyngen røss av det. Mosen blir dytta på. Lavaen ristar av den. 

Om eg skulle rope, skulle eg rope stopp. Og så stoppar Angela. Angela heller heitt vatn i koppar og legg røsslyng i vatnet. Vi drikk røsslyng, og lyttar til røsslyngen. Vi leiter etter spor i sanden i stranden, og plukkar østersplante. Eg smakar på planta. Den smakar amfibium. Er halvt plante, halvt sopp, nesten fisk. Den smakar ingen ting eg før har smakt, og gir ein kraft eg ikkje før har kjent. 

Leave a comment

Design a site like this with WordPress.com
Get started