Forprosjekt Reykjavik

14. – 18. august på det Nordiske huset

Arbeid i eller med Alvar Aalto, Angela, U. Eco og Jon

Det einaste som er verkeleg er interaksjonen

— Carlo Rovelli

Når vi har gått frå Reykjavik Roasters, seier Jon at han testar ut ei ny haldning. Vere open, tilbakelent, klar for å møte det som kjem. Glømme litt det der protestantiske, alltid arbeidande.

Mette har tenkt sitt før ho drog til Island ho også. Dette er ein mulegheit. Noko bra kan komme til den som posisjonerer seg rett, og er på rett plass til rett tid. Skal vi gå ut på byen no? Heller enn å gå tilbake til hybelen og ta kvelden?

Ideen min er nok eit uttrykk for den same protestantiske påverknaden som Jon snakkar om. Eg har jo ikkje lyst til å drikke meir no. Har ikkje lyst inn på ein bråkete pub. Men eg trur at det er forventa av meg – og at det er flinkt av meg – å presse på, strekke grensene, gå ut, drikke, vere galen og grenselaus. Det er då mulegheitene plutseleg kjem. Kanskje, kanskje ikkje. 

Eg treng ikkje oppleve meir i dag. Det som Angela sa, det som Jon sa, og det at Jon og Angela såg ut til å meine at dette møtet var ein god idé. Dét vil eg ikkje glømme. Men nesten alt er forgjengeleg, seier Carlo Rovelli. Alt, unnteke interaksjonen. Erkjenningar kjennest òg som noko ingen kan ta ifrå meg.

Nordiske huset, 14. august 2019 – Mette

Leave a comment

Design a site like this with WordPress.com
Get started